Bokdesign: Nynorsk Lyrikk
Nynorsk Lyrikk
25 diktarar - 220 dikt
Redaktør: Henrik Skorven
Forlag: Selja Forlag
Denne boka presenterar ei flott samling av nynorsk lyrikk frå 25 av norges mest profilerte diktarar. Mennesket og naturen står i fokus i dette materialet, og det vert også gjenspegla i utforminga av boka.
Kvar diktar vert skildra med ein kort biografi, samt ei samling av utvalde dikt frå diktarens dikterliv. Dikta er satt i FS Sally, som er ein antikva med modernesnitt samt den har ein romantisk feminitet over seg i detaljane. Den bygger høgt med sin høge x-høgde og lagar eit fyldig og fint tekstbilete. Biografiane er massive og svulstige i kontrast til dei lette og luftge sidene med dikt. Boka er ein bauta i norsk dikting, og difor har boka fått den signalfargen den har. Men inni møter lesaren eit mjukare utrykk med gultona papir og harmonisk grøn typografi.
Omlaget spelar på naturen som pregar diktinga i boka. Lærka er representert med heile to dikt i samlinga, og fuglen representerer det frie ordet, og er eit fint symbol og ein god representant for denne nynorske diktsamlinga.
Design: Fredrik Rysjedal
Foto: Hans Martin Åmbø